LA-2008-48875:

En mann ble dømt for å ha forledet en rekke jenter under 16 år til å kle av seg foran webkamera eller sende bilder av seg selv som utfører seksuelle handlinger med seg selv. 25 av tilfellene ble subsumert under strl. § 200 (2) 2. pktm., jf. (3), mens 21 tilfeller gikk under § 200 (2) 2. pktm.

Straffen ble satt til 4 år og 3 måneder fengsel. Straffen gjaldt imidlertid også samleie med to av jentene. Domfelte måtte videre betale 20 000 kr i oppreisning til de fornærmede som var utsatt for overtredelser etter strl. (1902) § 200 (2) 2. pktm., jf. (3). For forholdene under strl. § 200 (2) 2. pktm. var ikke vilkårene for oppreisningserstatning oppfylt.

Les mer om hvordan og når man bør anmelde nettovergrep, hvorvidt man har krav på bistandsadvokat og mulighetene for oppreisningserstatning fra gjerningspersonen og Kontoret for voldsoffererstatning i de øvrige artiklene på nettovergrep.no.

Agder lagmannsrett – LA-2008-48875
Kristiansand tingrett sa 8. februar 2008 dom med slik domsslutning:
«1. A født 0.0.1974
I.
A, født 0.0.1974, frifinnes for 7 – syv overtredelser av straffeloven § 200, 2. ledd, 2. punktum jf. 3. ledd.
II.
A, født 0.0.1974, dømmes for:

2 – to overtredelser av straffeloven § 195, 1. ledd, 2. straffealternativ

31- trettien overtredelser av straffeloven § 200,2. ledd, 2. punktum jf. 3. ledd

15- femten overtredelser av straffeloven § 200,2.ledd, 2. punktum

5 – fem overtredelser av straffeloven § 204 a, første ledd bokstav a
Straffen settes til fengsel i 4- fire år, jf. straffeloven § 62 og § 59 annet ledd.
Varetekt kommer til fradrag med 327 dager.
III.
A, født 0.0.1974 dømmes til å tåle inndragning av ;en PC type Compaq Presario, et Logitech web kamera, ett digitalt JVC videokamera, et digitalt Sony Cybershot kamera, mobiltelefoner type Nokia 7610, Nokia 6610 og Nokia 3310 og div DVD/CD plater inneholdende barnepornografisk materiale, jf. straffeloven § 35.
IV.
A, født 0.0.1974, frifinnes for å betale oppreisning til FF f. 0.0.1993
V.
A f. 0.0.1974 dømmes til å betale oppreisning til C f. 0.0.1994, med 100.000,- etthundretusen – kroner, innen 14 – fjorten- dager.
VI.
A f. 0.0.1974 dømmes til å betale oppreisning til D f. 0.0.1993, med 100.000,- etthundretusen – kroner, innen 14 – fjorten- dager.
VII.
A f. 0.0.1974 dømmes til å betale oppreisning med 20.000,- tyvetusen- kroner til hver av følgende personer:

E f. 0.0.1993

F f. 0.0.1990

G f. 0.0.1993

H f. 0.0.1993

I f. 0.0.1991

J f. 0.0.1997

K f. 0.0.1992

L f. 0.0.1994

M f. 0.0.1992

N f. 0.0.1993

O f. 0.0.1991

P f. 0.0.1994

Q f. 0.0.1990

R f. 0.0.1993

S f. 0.0.1993

T f. 0.0.1992

U f. 0.0.1994

V f. 0.0.1994

W f. 0.0.1996

AA f. 0.0.1991

BB f. 0.0.1996

CC f. 0.0.1995

DD f. 0.0.1992

EE f. 0.0.1993

GG f. 0.0.1993

HH f. 0.0.1995 innen 14 – fjorten – dager.
I same dom vart medtiltalte, B fødd 0.0.1975 , domfelt for m.a. overgrep mot D.
A har anka tingrettens dom for så vidt gjeld lovbruken for dei forholda som han er dømd for under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd, bevisvurderinga under straffutmålinga for særskilte punkt for brot på straffelova § 200 og § 204 første ledd bokstav a, straffutmålinga samt utmålinga av oppreisingserstatninga.
Anken vart vist til ankeforhandling ved lagmannsrettens vedtak av 9. april 2008.
For nærare om bakgrunnen for saka, domfelte sine personlege forhold og grunngjevinga for avgjerda av skuldspørsmålet, vert vist til tingrettens dom.
Ankeforhandling vart halden i Kristiansand 13., 14. og 15. oktober 2008.
A møtte saman med sin forsvarar og forklarde seg. Det vart høyrt 5 vitne og elles gjeve slik dokumentasjon som går fram av rettsboka.
Forsvarar la ned påstand om at ingen av tilfella under post II innebar «særdeles skjerpende omstendigheter» etter straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd, og elles at tiltalte måtte sjåast på på mildaste måte.
Aktor la ned følgjande påstand:
«1)
Anken forkastes
2)
I Kristiansand tingretts dom av 8. februar 2008 pkt. V gjøres den endring at oppreisningsbeløpet settes til 150.000 – etthundreogfemtitusen- kroner.
3)
Saksomkostninger ilegges etter rettens skjønn.»
Lagmannsretten legg følgjande til grunn for si straffutmåling, herunder lovbruken for så vidt gjeld straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd, samt utmåling av erstatning i form av oppreising, jf. skadeserstatningslova § 3-5:
A er av tingretten funnen skuldig i to tilfelle av brot på straffelova § 195 første ledd andre straffalternativ ved å ha hatt fleire samleie med to jenter, den eine 11 år og 11 månader og den andre så vidt fylt 13 år då overgrepa fann stad. A brukte ikkje prevensjon. Han hadde kome i kontakt med begge jentene via internettkanalar. Overgrepet mot den yngste jenta fann stad 4. februar 2006 i ei hytte på X Camping i Y, og mot den eldste jenta ved fleire høve i perioden desember 2006 – februar 2007 på Scandic Hotell i Z. For nærare om det konkrete gjerningsinnhaldet vert vist til tingrettens dom, og som vert lagt til grunn.
Når det gjeld forholda under post II i tiltalen vert gjerningsinnhaldet som gjort greie for i tingrettens dom i det alt vesentlege lagt til grunn, men med følgjande presiseringar på bakgrunn av bevisføringa for lagmannsretten:
For fornærma nr. 2, F:
Nakenbileta inkluderer sprikande bein med nærbilete der jenta ved hjelp av hendene opnar opp kjønnsorganet sitt.
For fornærma nr. 4, H:
Nakenbileta omfattar eit nærbilete der jenta står framoverbøygd med sprikande bein, og der ho opnar opp kjønnsorganet sitt.
For fornærma nr. 6, J:
Nakenbileta omfattar nærbilete av rectum og kjønnsorgan, og der jenta opnar opp kjønnsorganet sitt.
For fornærma nr. 10, N:
Nærbilete av kjønnsorganet omfattar fingrar i skjeden.
For fornærma nr. 11, O:
Nakenbileta omfattar nærbilete av kjønnsorganet med masturbasjon og fingrar i skjeden.
For fornærma nr. 12. P:
Nakenbileta omfattar nærbilete der jenta med handa opnar opp kjønnsorganet sitt.
For fornærma nr. 15, Q:
Det er ikkje dokumentert bilete av underlivet.
For fornærma nr. 17, S:
Nakenbileta omfattar nærbilete der jenta med hendene opnar opp kjønnsorganet sitt.
For fornærma nr. 39, «II»:
«Dyresexen» inneber at ein hund slikkar jenta i kjønnsorganet hennar.
Når det gjeld gjerningsinnhaldet under post III vert tingrettens utgreiing lagt til grunn med unntak av at det samla talet på biletfiler og filmfiler som vert omfatta av post III b, vert retta til 7 322 + 866 biletfiler og 1741 filmfiler.
Når det så gjeld lovbruken for forholda omfatta under post II, må lagmannsretten for kvart enkelt brot på straffelova § 200 vurdera om det er utført under «særdeles skjerpende omstendigheter», jf. tredje ledd. Ved avgjerda skal det særleg leggjast vekt på kor lang tid forholdet har pågått, om handlinga er misbruk av slektskapsforhold, omsorgsforhold, stilling, avhengighetsforhold eller nært tillitsforhold, og om handlinga er begått på ein særleg smertefull eller krenkande måte. Denne opprekninga er ikkje uttømande, og det skal for kvar einskilt forhold også gjerast ei totalvurdering, sjå Bratholm og Matningsdals kommentarutgåve til straffelova av 1995 side 491.
For lagmannsretten er det naturleg å ta utgangspunkt i uttrykket «nært tillitsforhold» samt «særlig krenkende måte». For å forstå korleis situasjonar som dette kan oppstå, er det nødvendig å ha klart for seg i kor stor grad bruk av internett er vorten ein naturleg del av borns og ungdoms måte å vera saman på, og måte å kommunisera med kvarandre på. Det er også nødvendig å ta omsyn til den særeigne kommunikasjonsforma dette er, sidan dei som kommuniserer, i det store og heile ikkje samtalar verbalt, men har ein samtidig, skriftleg kommunikasjon som både inneber avstand og nærleik. Kvar av dei sit i sine eigne heimar, gjerne på eigne rom, dei brukar ikkje stemme for å uttrykkja seg, det dei uttalar vert «ufarleggjort» ved at det er skrive og ikkje sagt. Dei treng ikkje sjå kvarandre – hvis dei ikkje brukar t.d. webkamera – og dei kan tora utlevera seg i langt større grad enn det dei ville vera i stand til dersom dei stod ansikt til ansikt med den andre personen. Denne kommunikasjonsforma legg såleis svært godt til rette for opparbeiding av tette personlege forhold med stort rom for å opna seg og tru seg til den andre sjølv om dei som «snakkar» saman ikkje har sett kvarandre i det heile.
Lagmannsretten legg derfor til grunn at det er fullt mogeleg å opparbeida det ein kan kalla eit «nært tillitsforhold» ved hjelp av slike «samtaleprogram», sjå eksempelvis også Rt-2003-841. Lagmannsretten legg også til grunn at det er dette som er tilfellet i vår sak, der A, som ein mann på over 30 år, har presentert seg som ein gut på 15 år, og overfor enkelte lagt fram eit bilete av ein pen, solbrun ung gut. Borna han tok kontakt med på desse sidene, og som er omfatta av post II i tiltalen, trudde såleis at dei snakka med ein gut nokre år eldre enn dei sjølve. Han har sjølv forklart at han brukte tid på å snakka med dei om vanlege ting, hjelpte dei med lekser, var forståingsfull med omsyn til problem av ymse slag, og fleire av jentene har forklart at han var snill, og at han var kjekk å snakka med. Han har også forklart at han fekk sendt over mange bilete og filmsnuttar av vanleg fritid osv.
Samtalesidene han tok kontakt med jentene på, var sider tiltenkt born og tidleg ungdom. Forholda under post II omfattar born frå 9 til 15 år, og lagmannsretten legg til grunn for si vurdering av utvikling av tillitsforhold at born i den nedre delen av denne skalaen har vanskar med å førestella seg at den dei trur seg til ikkje er den han gjev seg ut for, og vidare at dei ikkje er i stand til å gardera seg mot misbruk av tillit.
Lagmannsretten vil såleis for si vurdering av opparbeiding av tillitsforhold leggja noko vekt på alderen til den enkelte jente.
Når det gjeld alternativet om at handlinga er utført på ein særleg krenkande måte, er lagmannsretten i utgangspunktet av den oppfatning at det særleg krenkande i denne type tilfelle er at forledelsen inneber at borna er totalt uvitande om kva handlinga eigentleg går ut på. Det går fram av bevisføringa for lagmannsretten at eit stort fleirtal av borna i samtalane med politiet hadde gjeve uttrykk for at dei ikkje visste eller hadde tenkt seg at det dei gjorde framfor eit webkamera heime på sitt eige rom, ikkje var ei der og dåhending, men at opptaket vart lagra, og sidan katalogisert og teoretisk sett gjort tilgjengeleg for all verda. Framvisinga av deira mest intime kroppsdelar i unormale positurar som dei såleis vart forleda til å utføra i trygge omgjevnader heime, medførte i realiteten at dei gav frå seg kontrollen og disposisjonsretten over virtuell bruk av sine eigne kroppar. Alle er katalogisert med bilete også av andletet, og 29 av dei er katalogisert under reelle førenamn. Dette inneber etter lagmannsrettens syn ei særleg integritetskrenking, og som i teorien er evigvarande.
Ved denne vurderinga vil lagmannsretten likevel vurdera det særleg krenkande opp mot alderen på den enkelte jente, og om jenta har sendt over film av seg sjølv på mobiltelefon. Det må leggjast til grunn at i dei tilfella der jenta vert forleda til å ta opptak av seg sjølv med mobiltelefon og sender dette over til overgriparen, vil ho vita at denne kan sendast vidare til andre.
Vidare vil lagmannsretten leggja vekt på karakteren av det enkelte webkameraopptak eller bilete. Lagmannsretten oppfattar at forledelsen som inneber kloss nærbilete av at jentene opnar opp kjønnsorganet sitt eller endetarmsopninga, masturberer seg sjølve, stikk fingrane eller andre gjenstandar inn i skjeden, eller for det eine tilfellet at ein hund slikkar jenta i kjønnsorganet hennar, er særleg krenkande i seg sjølv. Dette gjeld uavhengig av alder på dei jentene som er omfatta av denne tiltalen.
På denne bakgrunn har lagmannsretten kome fram til følgjande subsumering når det gjeld forholda under post II:
For fornærma nr. 1, E, nr. 2, F, nr. 4, H, nr. 6, J, nr. 7, K, nr. 10, N, nr. 11 O, nr. 12, P, nr. 13 C, nr. 14, D, nr. 17 S, nr. 18, T, nr. 26 EE, nr. 32, «JJ», nr. 39 «II og nr. 47 «KK» inneber forledelsen kloss nærbilete som gjort greie for i avsnittet ovanfor, og vert å føra inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum jf, tredje ledd.
For fornærma nr. 8, L, nr. 21, W, nr. 23, BB og nr. 29, GG har lagmannsretten lagt vekt på jentene sin unge alder, 9 til 11 år, opparbeiding av tillitsforhold og avkledning framfor webkamera som er gjort nærare greie for ovanfor. Det går tydeleg fram av bevisføringa for lagmannsretten at borna vert instruerte av A med omsyn til positurar og avkledning, men at dei vegrar seg og dekkjer seg fort til att, utan å vita at desse sekvensane vert omgjort til stillbilete som kan nyttast i barnepornografiproduksjon. I ein av sekvensane er to av desse jentene med på filmen samstundes. Desse forholda vert å føra inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd.
For fornærma nr. 3. G, nr. 5, I, og nr. 28, FF er det lagt vekt på tillitsforhold, at det går fram av videofilmen frå webkameraet at det går lang tid med overtaling, og at jentene openbert ikkje er klar over at sekvensane er meint å bruka som opptak og omgjering til stillbilete. For to av jentene sitt vedkomande er dei instruerte til å fingra med kjønnsorganet sitt, men under ei lita truse. Forholda vert å føra inn under straffelov § 200 andre ledd andre punktum jf. tredje ledd.
For fornærma nr. 24, CC er lagt vekt på ung alder, 11 år, tillitsforhold, omfang og karakter på bileta, sjølv om bileta etter det opplyste ikkje er opptak frå webkamera. Forholdet vert å føra inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd.
For fornærma nr. 25, DD, er lagmannsretten komen til at dette forholdet også er å føra inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd. Det er etter det opplyste ikkje nytta webkamera, men bileta er mange og sende etter forledelse av A, og inneber nærbilete av kjønnsorgan. Den fornærma var 13 år då forholda starta.
For dei resterande fornærma som er omfatta av ankesaka, vert forholda å føra inn under straffelova § 200 andre ledd, andre punktum, idet det etter bevisføringa for lagmannsretten ikkje vert funne å liggja føre «særdeles skjerpende omstendigheter» etter tredje ledd. Dette gjeld fornærma nr. 9, M, nr. 15, Q, nr. 16, R, nr. 19, U, nr. 20, V og nr. 22 AA.
A skal såleis dømmast for 25 brot på straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd, og totalt 21 brot på straffelova § 200 andre ledd andre punktum.
Når det gjeld den konkrete straffutmålinga har lagmannsretten delt seg i eit fleirtal; kst. lagmann Reidun Wallevik, ekstraordinær lagdommar Lars A. Christensen og meddommarane Bjørn Robstad, Solveig Nordkvist, Elsa Brit Endresen og Stein Bjarne Skaar, og eit mindretal; lagdommar Karl-Einar Knudsen.
Ein samla lagmannsrett er i hovudsak samd i tingrettens ulike straffutmålingsmoment, men fleirtalet ynskjer å framheva det sterkt straffverdige i forholda omfatta av post II, samt at frådrag for tilståing i medhald av straffelova § 59 andre ledd ikkje vert tillagt så stor vekt som tingretten har gjort. Fleirtalet er likevel samd med tingretten i at utgangspunktet, før frådrag for tilståing, er 5 år og 6 månader. At tilfella som vert å føra inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf, tredje ledd, er reduserte med 6, vert ikkje å vektleggja i noko vesentleg grad ved fleirtalet sine straffutmålingsvurderingar. Det same gjeld reduksjonen i omfanget av bilet- og filmmaterialet under post III b.
Når det gjeld post II i tiltalen vil ein samla lagmannsrett leggja stor vekt på allmennpreventive omsyn ved utmålinga av straffa. Som uttalt av tingretten er det vanskeleg å finna rettspraksis som kan jamførast med forholda i vår sak, og noko av grunnen til det er vel at denne type brotsverk fyrst har vorte mogeleg i dei seinare år. Det har såleis funne stad ei utvikling av teknologi knytt til databruk og internettkommunikasjon, samt auke i bruken av denne, som legg til rette for ein ny arena for brotsverk mot born. Risikoen for å verta oppdaga er etter måten liten, også fordi offera – som i vårt tilfelle – ofte ikkje vil vera klar over omfanget av overgrepet. «Forledelsesmekanismen» utset også borna for psykiske skadeverknader i form av skuldkjensle, som ikkje i same grad er til stades ved direkte kontakt med borna.
Vitnet C (tidlegare C) gjorde under si vitneforklaring for lagmannsretten eit svært sterkt inntrykk. Ho er openbert ei ressurssterk jente, og ho sette – på ein uvanleg opplysande måte – ord på dei verknadene slike overgrep har, ikkje minst når borna vert noko eldre og det går opp for dei i all si gru kva dei har vore utsett for. Ho var berre 10 år då ho vart forleda til å delta i seksualisert snakk med vaksne menn på samtalekanalar, utan at ho ein gong visste kva dei enkelte orda tydde, langt mindre kva dei innebar. Ho sette fortvila ord på kva eksponeringa av bileta det er tale om under post II inneber av totalt tap av privatliv, av integritet, av kontroll på bruken av sin eigen kropp, av å ikkje ha noko igjen som ein kan kalla for sitt eige, og at denne eksponeringa vil kunna vera tilgjengeleg for alltid.
I denne samanhengen vil lagmannsretten nemna at den fil/mappe som i tingrettens dom er nemnt som «Cheer» etter bevisføringa for lagmannsretten skal vera «Share», og at poenget med denne er at innhaldet kan, ved hjelp av visse dataprogram, delast med andre.
Når det gjeld tilståing utan atterhald som vist til i straffelova § 59 andre ledd, er lagmannsretten samd med tingretten i dei momenta som er gjort greie for der, men fleirtalet er kome til at tilståinga ikkje kan tilleggjast fullt så stor vekt som tingretten har gjort.
Når det gjeld den domfelte sine personlege vanskar og traumatiske barndom, vert vist til tingrettens dom med tilvisingar, som lagmannsretten sluttar seg til.
Straffa vert etter fleirtalets syn passande å setja til fengsel i 4 år og tre månader.
Mindretalet, lagdommar Knudsen, er vorten ståande ved at ei riktig straff vil vera fengsel i 3 år og 9 månader. Mindretalet sluttar seg til det fleirtalet har lagt til grunn og uttalar om dei enkelte straffbare handlingane og alvoret ved desse. Det er vidare lagt vekt på dei same straffutmålingsmoment som fleirtalet. Slik mindretalet ser det, ville straffa – utan domfelte si tidlege vedgåing av dei faktiske omstende og straffeskuld, samt hans samarbeid med politiet under etterforskinga – vore fengsel i 5 – 5 ½ år. Sjølv om domfelte sine vedgåingar ikkje har vore avgjerande for oppklaringa og retteføringa av hovudtyngda av sakene, har dei hjelpt til med å letta etterforskinga og retteføringa. Det vesentlege er likevel at dette har spart dei fornærma for dei meirbelastingar dei elles ville kunna vorte utsett for. Domfelte sine forklaringar har også ført til etterforsking mot andre personar. Mindretalet har funne noko rettleiing i avgjerder innteke i Rt-2006-40, Rt-2005-564 og Rt-2003-481 for så vidt gjeld forholda som vert omfatta av tiltalens post I, og i Rt-2002-1187 for så vidt gjeld tiltalens post III b og d.
Straffa vert å fastsetja i samsvar med fleirtalet sitt syn.
Straffelova § 62 er teke omsyn til.
Når det gjeld oppreising for dei to fornærma som er omhandla i post I i tiltalen, jf. skadeserstatningslova § 3-5 første ledd bokstav b) jf. § 3-3, er lagmannsretten komen til at tingrettens utmåling bør stadfestast for begge sitt vedkomande, og viser til tingretten si grunngjeving som også er dekkjande for lagmannsrettens syn. I tillegg vert vist til det før omtalte vitneprovet frå C, der ho også på ein svært forståeleg måte gav uttrykk for kva det hadde gjort med henne som elleveåring å verta utsett for samleie med ein over 30 år gammal mann.
For D sin del var ho ikkje i stand til å møta fram i retten for avhøyr som opphavleg tenkt grunna psykiske problem som følgje av overgrepa og påkjenninga ved behandlinga i tingretten. Det er lagt fram legeerklæring frå fastlegen hennar av 26. september d.å., som vert lagt til grunn.
For begge sitt vedkomande er det teke omsyn til at dei også er omfatta av post II i tiltalen og at forholda er ført inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd.
For dei forholda under post II som vert å føra inn under straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd, er det semje mellom forsvarar og aktor at oppreisingserstatninga vert å fastsetja til kr 20 000,- for kvar av dei fornærma som utmålt av tingretten, unnateke dei to som er omfatta av post I, jf. ovanfor.
For dei forholda som berre vert ramma av straffelova § 200 andre ledd andre punktum, er ikkje vilkåra til stades for å yta oppreisingserstatning etter skadeserstatningslova § 3-5, jf. § 3-3, jf. straffelova § 200 andre ledd andre punktum, og A vert å frifinna for erstatningskrava for desse sitt vedkomande.
Etter dette skal A dømmast til å betala kr 20 000,- i oppreisingserstatning til følgjande:

E f. 0.0.1993

F f. 0.0.1990

G f. 0.0.1993

H f. 0.0.1993

I f. 0.0.1991

J f. 0.0.1997

K f. 0.0.1992

L f. 0.0.1994

N f. 0.0.1993

O f. 0.0.1991

P f. 0.0.1994

S f. 0.0.1993

T f. 0.0.1992

W f. 0.0.1996

BB f. 0.0.1996

CC f. 0.0.1995

DD f. 0.0.1992

EE f. 0.0.1993

FF f. 0.0.1993

GG f. 0.0.1995
Når det gjeld sakskostnader, vert dette ikkje å ileggja, jf. straffeprosesslova § 437 tredje ledd.
Dommen er sagt under dissens som gjort greie for ovanfor.
Domsslutning:
I tingrettens dom vert gjort følgjande endringar:
1.
A, fødd 0.0.1974, vert dømd for

25 -tjuefem- brot på straffelova § 200 andre ledd andre punktum, jf. tredje ledd.

21 -tjueein- brot på straffelova § 200 andre ledd andre punktum.
2.
Straffa vert sett til fengsel i 4 -fire- år og 3 -tre- månader.
3.
A, fødd 0.0.1974, vert dømd til å betala oppreisingserstatning med kr 20.000,- -kronertjuetusen- til kvar av følgjande personar:

E f. 0.0.1993

F f. 0.0.1990

G f. 0.0.1993

H f. 0.0.1993

I f. 0.0.1991

J f. 0.0.1997

K f. 0.0.1992

L f. 0.0.1994

N f. 0.0.1993

O f. 0.0.1991

P f. 0.0.1994

S f. 0.0.1993

T f. 0.0.1992

W f. 0.0.1996

BB f. 0.0.1996

CC f. 0.0.1995

DD f. 0.0.1992

EE f. 0.0.1993

FF f. 0.0.1993

GG f. 0.0.1995 innan 14 -fjorten- dagar frå forkynninga av denne dommen.
4.
Elles vert anken forkasta.
5.
Sakskostnader vert ikkje å ileggja.